Monday, 26 March 2007

Blåmann, blåmann foten min - Skvåsj i Jårk

Det var ein vanleg tysdag ettermiddag, og sola skena og fuglane kvutra. Carl fekk så hug for å testa ut sine sportslege eigenskåper og avtalde med sin hollandske ven, Robert, at dei skulle møtast til tvekamp i skvåsj kl.1600. Det vart ein kamp på liv og død! Etter ein halvtime måtte den hollandske guten gje seg på grunn av mystiske smertar i høgrehanda, men Carl ville ikkje gje seg så lett. Han bestemde seg for å utfordra seg sjølv til tvekamp (eller kva du ein kallar det når ein kjempar mot seg sjølv). Han spann som galen rundt omkring i skvåsjhallen som om det var sjølvaste gamal-Eirik som jaga han i hælane. Ballen small i veggen gang på gang i eit forrykande tempo slik at i ettertid har det blitt sagt at korkje før eller seinare har man opplevd liknande prestasjonar på sportsenteret ved universitet i Jårk. Hadde ein sett kva som foregjekk hadde ein forstått at dette umogleg kunne enda bra...

I det Carl måtte snu 180' på grunn ein tversoverball med dobbelverkande skru som kom susande i motsatt retning av der han befant seg gjekk det fullstendig gale. Carl la all vekt (antall kg ukjend) på høgrefoten for å skyta fart over til andre sida av rommet, noko ikkje høgrefoten hans var førebudt på. Ankelen svikta fullstendig under den enorme påkjendinga og Carl gjekk i bakken med eit smell!

Carl måtte ta taksi heimat og slik såg foten hans ut dagen derpå


Komande laurdag, då den verste hevinga hadde trukke seg tilbake, såg foten slik ut


Lærdom: Din verste fiende er som oftast deg sjølv...

1 comment:

Bjarte said...

Angående den foten... for Bacon crisps og Ben & Jerry brownie ice cream ville vel hvem som helst vrikket litt på ankelen!